"Vassverket opp" er ein uhøgtidleg løpskonkurranse som vert arrangert årleg i sommarhalvåret. Løypa går frå vegen nedanfor kommunehuset og opp til toppen ved Vassverket, og alle deltakarar får målt tida si.

Under denne konkurransen vert det trekt ut premiar på startnummeret.

Pin It

VASSVERKET OPP - RESULTATLISTE OG VINNARAR!

Årets utgåve av Vassverket Opp har fått dato og klokkeslett. Kven som helst kan delta, ein vel sjølv om ein vil delta i konkurranseklassen eller berre rusle opp og ta det som ein flott søndagstur.

Konkurranseklassen startar kl 13(oppmøte og utdeling av startnummer frå kl 12.45), vi ynskjer at dei som vel å rusle er oppkomne og ute av løypa innan den tid.

Oppmøtestad er på Prestekaia nedanfor kommunehuset i Eivindvik.

 

Konkurranseklassen er delt i fire kategoriar:

1.Guteklasse(opp til og med 10.klasse)

2.Jenteklasse(opp til og med 10.klasse)

3.Herreklasse

4.Dameklasse

Påmelding skjer på staden før start. Om nokon ynskjer å melde seg på i forkant, kan dette gjerast ved å sende mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 

 

Det vert premiering til raskaste løpar i kvar klasse på toppen rett etter konkurransen. I tillegg vert det trekt to premiar på startnummer. Det vil seie at alle som tek turen opp, uavhengig av om dei deltek i konkurranseklassen eller ikkje, har vinnarsjansar så lenge dei melder seg i sekretariatet før start.

Det vert inga servering på toppen, ta gjerne med deg noko godt å drikke eller bite i. 

Vel møtt!

 

 

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com