Pin It

 

Årsmelding E.I.L  2019

 

2019 har ikkje vært det året laget har vært mest aktiv, men når ein sumerar opp har vi likevel hatt ein del aktivitet. Laget har fått eigen YouTube kanal, vi er på Facebook og har ei særs velfungerande nettside som vi er stolt av.  Mykje av informasjonen frå laget ut til medlemmane skjer via Facebook og nettsida. Vi tilstrebar også plakat på nærbutikken, men ikkje alt kjem opp der. Vi oppfordrar derfor å fylgje med på nettsida og Facebook.

Laget er frå i år pålagt digitale medlemslister. Dette for å få rett medlemsoversikt i forhold til midlar laget mottek (for å hindre at laga får pengar for fiktive medlemmer). Vi oppfordrar kvar enkelt medlem til å registrere seg på Norges idrettsforbund. https://medlemskap.nif.no/

Det har vært arrangert ein del dugnad for laget. Folk er stort sett flinke til å bidra, men det er ofte dei same som går att. Vi kan alle bli flinkare til å bidra. Det kan være små ting som å plukke vekk knekte kvistar når ein nyttar stiane i fjellet, bake noko til dei som gjer tyngre dugnad eller delta aktivt sjølv når ein veit det skal være dugnad.

Vi har opna Stølsløkka ballbane. Arbeidet med Prestagardsstien er godt i gang, og er tenkt ferdig våren 2020.

For å vidareutvikle laget treng vi frivillige. Vi treng trenarar i nye og gamle greier. Om ein ynskjer nye aktivitetar/ tilbod er laget viljug til å dekke utgifter i forhold til kurs/ opplæring.

Det er hengt opp refleks frå øvre Stølen til Dagsturhytta. Målet med dette er å få ei spennande oppleving for dei små. Alltid litt skummelt å gå i mørket, sjølv for vaksne!

Frisbee golf fangarar er komme opp, men bana er ikkje ferdig stilt. Det står igjen ein del rydding og grøfting for å drenere vekk vatn. Laget har fem Frisbee til utlån som vil bli lagt i ein postkasse saman med løypekart og reglar.

Andre aktivitetar:

Flesketrimmen kvar onsdag har varierande besøkstal, men gjennomsnittleg 8-9 stk.

Innebandy for damer på søndagar har godt oppmøte.

Bordtennis er eit lite organisert tilbod, då interessa har vore laber.

Vassverket opp var eit særdeles vellykka arrangement der 59 store og små deltok. Nokon gjekk medan andre deltok i konkurranseklassen.

Grim Haveland blei raskast opp av alle (born og vaksne) med tida 5.41 minutt.

Alette Leknes blei beste jente (0-16 år) med tida 6.41 minutt.

Vi har hatt solnedgangstur til Enivest 6. april (initiativtakar Nina Rutledal) der Lars Svaberg hadde med trekkspel og skapte god stemning. 22 deltok på turen.

Vi har investert i utstyr til å lage skispor. Spora blei laga på turvegen, og det var mange som nytta høvet til nokre fine turar.

Leiar vil oppfordre fleire til å delta på andre lokale arrangement, som vert organisert av andre lag i kommunen. Vi er ein liten kommune og mykje av det vi driv med er på dugnad. Det blir mykje kjekkare å arrangere noko når folk stiller opp på det som blir arrangert, uavhengig av kva lag som arrangerer.

Gode eksempel på arrangement er: Piltevarden motbakkeløp 4. april, Trefjellsturen ytre Gulen 26. april.

Eg vil etter fem år som leiar i Eivindvik Idrettslag takke for meg, og ynskje ny leiar velkommen.

 

                                                                                                                               Anne Karin D. Haveland

 

 

Årsmelding bane- og dugnadsgruppa 2019

 

Bane- og dugnadsgruppa 2019: Håkon Kvamsdal, Dagfinn Randal, Odd S. Midtun, Atle Håvåg og Ove Nese.  Leiar Frode Håvåg.

Det har i år vore utført:

-Klypping og gjødsling av grasmatta: dette har  med unnatak av midt på sommaren,vore utført av Eivind Tveit og Harald Haveland. Dette har fungert  godt.

-Vasking av garderobebygg før og etter sesong.

-Brukarar av garderobe og kiosk har vaska etter bruk.

-Årleg vedlikehald av fotballmål, klyppar og liknande.

-Div. vedlikehald av bygg utvendig og innvendig.

Dugnadsgruppa har elles vore med å arrangere fotballturnering.

 

                                                                                                                                                      Leiar.

 

 

Årsmelding barne og ballgruppa, 2019

 

Barne og ballgruppa består av fylgjande medlemmer:

Anne Refsdal, leiar

Margrethe Thune Trædal

Stian Flolid

Silje Winther

Gulbarin Ali

Igor Misic

Det har ikkje vore so mykje aktivitet i regi av barne og ballgruppa dette året. Vi har avlyst to arrangement som i utgangspunktet krev ein del arbeid.

 

1.         Fotballturnering-  arrangementets ble avlyst grunna dårleg oppslutnad.

2.         Ta sjansen- Arrangementet blei avlyst grunna dårleg vær.  Dansen som var satt opp same kveld blei gjennomført. Terje Nyhammer spelte.

3.         I romjula blei det arrangert nissemarsj (26 desember). Været var bra og det var godt oppmøte av små og store.

 

                                                                                                                                     Anne Refsdal, leiar.

 

Årsmelding trimgruppa 2019

 

Det har vore god aktivitet i idrettslaget og nye kjem til i arbeidet. Det gler meg som snart er på veg ut. Teknologien krev i meste laget av oss i min generasjon. Men heldigvis er det hjelp å få. Heimesida vår blir betre og betre. Der gjer Kjetil og Igor ein god jobb.

I vintertrimmen 2018/2019 var det 112 som greidde kravet til premiering, ei dobling frå 2017/2018. 433 var ute i løypene med i alt 3928 turar. Den ekstra vinterkonkurransen 10 turar på Høgefjellet premiert med gåvekort på XXL på 1000kr gjekk til Arild Fosse.

Før trekninga av sommarkonkurransen hadde Kjetil og Igor lagt til ein eigen You Tube-kanal på heimesida, så alt vart filma direkte på styremøte. Stor stas!  Dei fem toppane (fjellgeitene): Stevnebøfjellet, Hantveitstølen, Kjerringnova, Kvitebergnova og Flolidfjellet vart vunne av Gaute Haveland som får eit gåvekort på 1000kr på XXL (16 hadde greidd det). 5 turar på Enivest 7 – 17 år gav 500kr til Hannah Aurora Rutledal (4 hadde greidd det), 5 turar på Enivest over 18 år gav 250kr til Tom Fredrik Sævareid, (31 hadde greidd det) og 5 turar til Vassverket gav familiebillett (2barn og 2 vaksne) til Akvariet i Bergen til Benjamin Dingen (19 hadde greidd det).

Sommartrimmen er i stadig vekst. Det er utruleg mange som nyttar løypene våre. Alle dei ulike fjelltrimpostane er god motivasjon for mange. At vi har «oppretta» ein del lett tilgjengelege (mindre krevjande) postar har hjelpt fleire ut. Og det er jo hovudmålet for fjelltrimmen!

I sommartrim 2019 har 181 ( 135 i 2018) greidd kravet til medalje (eller anna premiering). Av desse er det 15 som får 5-årspremie (sitjeunderlag), 4 får10-årspremie (tur kopp), 5 får 15-årspremie (diplom), 1 får 20-årspremie (Ulvang-sokkar), 1 får 35-årspremie (tursekk).  Resten =155 får medalje. 30 av desse for første gong, noko som er utruleg gledeleg.                                 I 2019 var det 945 namn på teljelistene våre. Det er ein betydeleg reduksjon frå i fjor og kan forklarast med at teljarane har lagt fleire tilfeldige turgåarar i «potten» slengarar, dvs. kjende og ukjende som er innom bygdene våre i løpet av sesongen og nyttar løypetilbodet. Dei har i alt 20629 turar (15242 i 2018). I tillegg har vi registrert 1242 «slengarar». Dette gjer reknestykket med omsyn til talet på turar vanskeleg å samanlikne med fjoråret.

Idrettslaget har hatt 1 fellestur. Vi gjekk på Sagefjellet 40 stk. Veldig bra! Og 13 stk av denne gruppa valde å gå over fjellet via Oksebotn – Kjerringnova – Høgefjellet – Enivest – Stormyra – Rimmane og Øvre Stølen. Dei fekk med seg raude ringar til re-merking av løypa mellom Sagefjellet og Kjerringnova.

Vi har hatt 3 styremøte i trimgruppa.

 

                                                                                                                     For trimgruppa: Tove Rutledal

 

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com