Pin It

 

Årsmelding for 2021 Eivindvik IL

 

2021 vart på samme måte som året før prega av Koronapandemien. Dette førte til at aktiviteten i laget i fjor var begrensa, ikkje minst med tanke på treningstilbodet vi tilbyr medlemmane våre. Dei vaksne kunne ikkje drive kontaktidrett, men det vart gjeve løyve til trening utan kontakt delar av året. Dei under 18 hadde store delar av året eit tilnærma normalt treningstilbod, men med fokus på å unngå/begrense smitte i treningssamanheng.

Vi var heldige med smittesituasjonen i kommunen på gunstige tidspunkt, noko som gjorde at vi fekk gjennomført alle dei tre planlagde arrangementa våre i fjor.

Vassverket Opp vart arrangert 22.mai med rekorddeltaking. Totalt 48 personar tok seg opp til målområdet, av desse var 21 påmeldt i konkurranseklassen. Det vart sett løyperekordar i både kvinne- og herreklassen.

Laurdag 14.august arrangerte idrettslaget nyvinninga Eivindvik Challenge. Konkurransen gjekk over tre timar, og målet var å nå over flest mogeleg postar plassert ut i området Mjåneset-Svaberget i løpet av denne tida. Deltakarane, totalt 22 lag, starta parvis og nytta sykkel for å komme seg mellom postane. Nokre postar var fysisk tunge, nokre sette krav til hukommelse og kreativ tenking og nokre var basert på laga sitt vågemot. Dokumentasjon på fullført post/oppgåve vart sendt vidare til sekretariatet(på Messenger) som deretter la saman poengsummar og kåra vinnarar i dei ulike klassane. Det vart og delt ut premiar for beste kostyme. På kvelden arrangerte vi bankett for deltakarane(dei over 18 år) på hotellet med premieutdeling og filmframvising med alle dei innsendte svara.

27.desember vart den årlege Nissemarsjen gjennomført i bra vinterver. Kun 25 medlemmar deltok, dette skuldast nok dårleg førehandsinformasjon frå vår side.

Fjelltrimmen har arrangert både vinter- og sommartrim, mange har som vanleg nytta seg av dette flotte tilbodet.

Prestegardsstien del 1 og 2 er vel i hamn, begge desse stiane har vorte særs mykje brukt av lokalbefolkning og tilreisande. Idrettslaget har enno ikkje fått godkjent del 2 grunna usemje med Statsforvaltaren kring avslutninga av stien på Haugane. Det har vorte skissert ei løysing i samarbeid med kommunen som er sendt inn, Statsforvaltaren har enno ikkje kome med tilbakemelding på dette forslaget. Dei siste 20 prosenta av spelemidlar vert ikkje utbetalt før ein har fått denne godkjenninga.

Frisbeegolf-bana og området rundt ballbingen er enno ikkje ferdigstilt. Dette må takast tak i no i år.

Eivindvik IL har gjennomført fleire store prosjekt dei siste åra, dette er noko som ikkje let seg gjere utan hjelp frå dykk. Dugnadsinnsatsen er stor, men vi ser at det ofte er dei same personane som går att. Vi kan alle verte flinkare til å bidra. Dette kan ein gjere gjennom t.d. å plukke vekk kvistar eller andre gjenstandar som ligg i stiane våre på fjellet, sage ned greiner eller rotvelt som legg seg inn i stiane, bake til dei som gjer tyngre dugnadsarbeid eller delta aktivt sjølv når ein veit det skal vere dugnad.

Nettsida vår, www.eivindvikidrettslag.no , og Facebooksida vår er hovudkanalane våre for kommunikasjon med dykk medlemer. Vi tilstrebar og å få hengt opp plakatar på butikken med informasjon om mellom anna arrangementa våre og lister i samband med fjelltrimmen. Vi har og ein Youtube- kanal der vi innimellom legg ut aktuelle videoar av ting vi driv med.

 På nettsida ligg all relevant informasjon om laget, her finn de mellom anna betalingsinformasjon ved teikning av medlemskap, fjelltrimlister, kontaktinformasjon til styret og kven som er postansvarlege for fjelltrimpostane, informasjon om prosjekta vi har påbegynt eller avslutta, treningstider i gymsal, informasjon om komande arrangement, kronologisk årsmøteinformasjon som rekneskap og val-lister, artiklar om kva som skjer i laget året rundt samt biletseriar og videoar vi meiner kan vere av allmenn interesse. Den 3.oktober 2019 installerte vi ein besøksteljar på nettsida for å sjå kor mange som nytta seg av dette tilbodet. Pr. 12.mars 2021 var det registrert 94 200 «klikk» på sida, 4. mars i år er talet 192 736. Det betyr altså at sida har hatt ca 100 000 «klikk» det siste året.

Idrettslaget hadde i 2021 168 medlemer som er registrert i digitale medlemslister hos Norges Idrettsforbund(https://medlemskap.nif.no/). Det er og nokre som har betalt kontingenten på anna vis, via Vipps eller til vår bankkonto.

Kjetil Rutledal

Leiar Eivindvik IL

 

Årsmelding trimgruppa 2021

 

Enda eit år har gått i koronaens tegn. Årsmøtet vart arrangert digitalt – ei rar oppleving. Ikkje alle er like familiære med den digitale verda. Men vi valde nye styre og nemnder. I trimgruppa  sit nå Mariann Opdal Elde, Gunn Birknes, Sandra Skutvik, Una Prestegaard, Bente Irèn Høydal og Tove Rutledal. Mykje attval tyder på at folk ikkje tar skrekken!

I sommartrimmen har 147 greidd kravet til premiering. Av desse er det 6 som får 5-årspremie(sitjeunderlag), 4 får 10-årspremie (turkopp), 3 får 15-årspremie (innramma diplom), 3 får 20-årspremie (Ulvangsokkar) og 3 får 30-årspremie (turtermos).  Ekstrakonkurransane:                                                                                                                              3 hadde 10 turar på Gulakvila. (0 – 6 år) Viljar Molde Østerbø fekk gåvekort.                                           3 hadde 5 turar på Flolidfjellet. (1.kl – 10.kl). Hannah Aurora Rutledal fekk gåvekort. 5 toppturar i open klasse var det 3 som hadde greidd. Maike Norman Bøe fekk gåvekort.

Det er vanskeleg å samanlikne registrering av aktiviteten i løypene fordi vi dette året har registrert færre faste, men fleire slengarar. Vi har i år registrert 777 turgåarar med 11082 ulike turar. 1291 slengarar er registrert med 1291 turar. Tilsaman har vi da 12373 registrerte turar, betydeleg færre enn i fjor, men det skuldast nok ei noko annleis teljing, for aktiviteten i løypene har vore veldig god.

Frå og med 1.april 2022 vert teljinga annleis. Det blir i hovudsak brukt Georeg. I tillegg blir det lagt ut lister for eigenregistrering. Desse skal leverast underteikna til oppsett tid. På kvar post vert det liggjande ei gjestebok som folk kan skrive seg inn i. Men dette er ikkje med i registreringa! Dette nye opplegget vil lette arbeidet med teljing for kontaktane og oss «sentralt».

I vintertrimmen var det 125 som greidde kravet til diplom.                                            Ekstrakonkurransane:                                                                                                                                  2 hadde greidd 10 turar på Gulakvila (0 – 6 år). Jonas Huseby Vilsvik fekk gåvekort. 1 hadde greidd 5 turar på Høgefjellet.(1.-10.kl). Hannah Aurora Rutledal fekk gåvekort. 8 hadde greidd 10 turar på Høgefjellet (over 16 år). Arild Fosse fekk gåvekort.

Vi har hatt 4 styremøte i trimgruppa + ein del kontakt på e-post og sms. Ein veldig fin gjeng å jobbe saman med. Tenk at de vil ha med gamle meg!

 

Fellesarrangement:                                                                                                                            «Vassverket Opp» i godt vær med bra deltaking. All «trekning» digitalt på Vassverket.

I romjula hadde vi den tradisjonelle nissemarsjen. Mindre deltaking enn vanleg. Vi kan bli betre på informasjon.

 

Årsmelding bane- og dugnadsgruppa 2021

Bane- og dugnadsgruppa 2021: Håkon Kvamsdal, Dagfinn Randal, Odd S. Midtun, Asbjørn Refsdal og Øystein Furnes.  Leiar Frode Håvåg.

Det har i år vore utført:

-Klypping og gjødsling av grasmatta: dette har vore utført av Jørgen Håvåg, Eivind Tveit og Harald Haveland og har fungert  godt.
-Vasking av garderobebygg før og etter sesong.
 -Brukarar av garderobe og kiosk har vaska etter bruk.
-Årleg vedlikehald av fotballmål, klyppar og liknande.
-Div. vedlikehald av bygg utvendig og innvendig.

Leiar.

 

Årsmelding fra bane og ballgruppa.

Grunnet corona situasjonen i fjor blei det ikke gjennomført noe aktiviteter fra bane og ballgruppa.

Men Det blei arrangert nissemarsj med fakkeltog i romjulen. Med godt oppmøte. Der blei det Servert varm kakao og pepperkaker når vi hadde gått runden rundt byggefeltet.

 

Anne Refsdal

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com