Pin It

Frå og med mandag neste veke set idrettslaget i gang att med fotballtrening for dei minste skuleklassane, dvs 1. til og med 4. klasse.

Forrige veke opna styresmaktene opp for at barn og ungdom under 20 år kan trene i lag att, både inne og ute. Det er og tillete med nærkontakt i treningssituasjonar, det vil seie at ungane kan spele fotball som vanleg utan å tenke på avstandsreglar.

Ein held likevel fokus på smitteverntiltak i treningssituasjonar, det betyr spriting av hender før og etter trening, oppmoding om å ikkje "ta i alt ein ser", vask/desinfisering av brukte gjenstandar etter trening og golvvask/vask av wc etter bruk. 

Treningstidene finn de under fana "Idrettar" øverst på heimesida vår. For ytterlegare spørsmål kring treningane, kontakt Signe Lovise Flolid på tlf 91314142 eller Olav Sognefest på tlf 95116228. 

Endeleg kan vi tilby aktivitet til ungane våre, håpar mange gjer seg nytte av dette! 

 

Alle andre treningstilbod i idrettslaget sin regi er fortsatt sett på vent grunna smittesituasjonen.

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com