Pin It

1.mai til Sagefjellet

Fellesturen 1.mai vart ein skikkeleg familietur.  Vi valde ein kortare tur i år,  noko som gjorde at vi fekk betre tid, og fleire alderstrinn stilte opp. Nokre barnefamiliar kom til startpunktet på Dingjevegen med full bil. Vi andre fylte opp bilane ved kommunehuset. Parkeringa gjekk greitt attmed vegen.

 

Vèret ”hadde godsida fram” etter ein rimeleg våt april. Stien er rimeleg god og merkinga held, og løypa var overraskande ”tørr”.  Fleire hadde bæremeis til dei minste og trengde små pausar, noko som høvde godt for alle. Litt påfyll av drikke gav ny giv, og alle kom fornøgde til topps.

Sagefjellet ligg om lag 383 m.o.h.(meter over havet). Her bles det ofte, men denne dagen var det nesten vindstilt. Vi koste seg med mat og drikke og god prat.  Mange kasta jakka og gjekk litt omkring.  Sjølv ustø, små føter fekk pause frå bæremeisa. Spennande å få prøve seg i ulendt terreng også for dei. Dette er verkelig grøn resept!

Styret i trimgruppa ser at det er lurt å setje opp ein fellestur 1.mai som ikkje er for lang og strabasiøs for å få både ungar, unge og eldre med. Denne gongen var vi 23 stk. Dette talet må vi gå inn for å auke neste år!!! Den yngste var denne gongen Noah på 18 månader og den eldste Ivar på 75. Det kallar eg fellestur! 

 

Ref. Tove

 

Save

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com