Pin It

Det er flott med folk som seier ja. Eg fekk ein avtale med Thomas Stølen med omsyn til boring på Kjerringnova. Staden for plassering av

dette svære festet, var teikna inn på eit kart som eg fekk frå Anne Hopland, ”Gulatingssjefen”. Ho hadde mykje ansvar i første runde av Prosjekt Kystarven og hadde tidleg ein draum om kikkert på Kjerringnova fordi den peiker seg ut med omsyn til vid utsikt i alle retningar. Den gongen fekk ho skrive grunneigaravtale for ei naturleg plassering.

Kystarven disponerer boremaskin. Vi mangla 12mm bor, men Odd Midtun hjelpte oss. Så køyrde vi ut i Taskevika med utstyret etter at Thomas var ferdig på jobb. Sekken var tung, men Thomas heiv han på ryggen og sette av garde med litt draghjelp frå ein av hundane sine. Marit og eg gjekk etter i roleg tempo. Marit gav seg halvveges, medan eg gjekk opp. Då hadde Thomas allereie leita seg fram til ei ”flate” og sett merke for boreplassane. Eg måtte få i meg litt mat og få på tørre klede og så kunne eg halde, bruke vater osb. Thomas tykte maskina var framifrå. Alt gjekk som smurt, med seks til dels djupe borehol. Han slo ekspansjonsborene nedi  med ein hammar. Og då vi lyfta opp plata for å teste, gjekk ho på plass med eit lite spark mot eitt av hola. Utruleg! Så stod det berre att å bruke vater i alle retningar, og Thomas var flink!

Vi hadde ikkje perfekt vær. Det var skodde, men ho var ikkje ille, og løypa er vegsynt, så turen ned att gjekk roleg og godt. Det var sleipt etter våte dagar, men ikkje ugreitt å gå når broddane sat på.

Save

Save

Save

Save

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com