Pin It

Oppteljinga av sommartrimmen er i rute. Alle bøkene er henta og talde, Georeg er sluttført og prosessen med å samle alle resultat i hovudlista er snart i mål.

Det som står att er å gruppere på alder og til slutt ajourføre medaljerekneskapen for å finne dei som skal premierast etter 5 år- 10 år- 15 år- 20 år og så vidare.

Aktiviteten har vore stor i sommar, det er spesielt kjekt å sjå at talet på barn og ungdom/unge vaksne har auka kraftig!

For å lette teljearbeidet vart det i fjor gjort vedtak om at turgåarar som er feriegjestar, ikkje har familie her og/eller går lite i fjella våre ikkje vert talde med på hovudlista. Dette har ført til at denne lista no er på mellom 700 og 1000 namn, i motsetnad til tidlegare år der hovudlista gjerne har bestått av opptil 4000 namn. Alle turgåarar som noterar seg i bøkene våre eller på Georeg vert likevel registrerte av oss, dette for at vi skal kunne dokumentere total bruk av og aktivitet i løypene.

Vi minner igjen om at ein må vere medlem i Eivindvik IL for å motta premie i fjelltrimmen. Det same gjeld premiekonkurransane vi har gåande samstundes. Fleire familiar med medlemskap hos oss i ei årrekke har i år ikkje betalt kontingenten. Det er i tillegg fleire familiar med små born som har klart kravet som ikkje har betalt medlemskap.

Vi håpar ein del av dette skuldast at ein rett og slett har gløymd å betale kontingenten. Vi oppmodar alle til å sjekke at medlemskapet faktisk er betalt for i år, og ber dei som ynskjer å verte medlem betale kontingenten før 31/12. Dette er fristen for betaling om ein vil ha medaljar/premiar for Sommartrimmen 2020.

Informasjon om prisar, kontonummer og kva informasjon ein må føre på finn de under fana "BLI MEDLEM" øverst oppe på heimesida vår. Ein kan og betale medlemskapet med Vipps.

 

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com