Pin It

Kan vi innovere oss fram til bærekraftmål? — Varmere Våtere Villere

EIL vart no i haust kontakta av Odd Lennart Vikene ved Institutt for Idrett, Kosthald og Naturfag ved Høgskulen på Vestlandet avd Sogndal. Årsaka var at han hadde høyrd rykter om aktive fjellgåarar hjå oss.

Vikene står i spissen for eit forskningsprosjekt med tittelen "Møte mellom naturen og teknologi - hverdagslivets bevegelseskultur med turgåing som case".  I den samanhengen trengte han intervjuobjekt frå fleire idrettslag rundt i landet, og lurte på om vi hadde 6-7 kandidatar herfrå. Vi fekk ja frå seks av dei mest ivrige turgåarane våre etter kort tid.

Aldersspennet skulle vere frå 18 til 70 år, intervjua med kvar enkelt ville vare opp mot 45 minutt, og all informasjon skulle handsamast konfidensielt. I intervjua ville ein stillast spørsmål om mellom anna korleis og kvifor ein går på tur samt postane våre og om dei er viktige for turgleda. Ein ville og snakke litt om framtidsperspektivet.

Forskningsprosjektet vil verte publisert hausten 2023. 

 

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com