Pin It

Årets vintertrim er godt i gang, og som tidlegare vil idrettslaget ha nokre ekstrakonkurransar gåande gjennom sesongen.

Vi registrerar at deltakinga i desse konkurransane er relativt låg, spesielt blant dei minste og ungdommane. Av den grunn har vi relativt enkle konkurransar no i vinter, og håpar det gjer seg utslag i fleire deltakarar. 

Her er konkurransane i årets vintertrim:

0-6 år: 5 turar til Verpetuppen. 

1.-10. klasse(Dei under seks år får og lov å delta): 5 turar til Rimmane.

Vaksenklasse: 10 turar til Stormyra.

Premiane har tidlegare vore gåvekort hjå XXL. I år vert premien i kvar klasse eit digitalt gåvekort på kr 1000.- hjå Macron, leverandør av klubbkolleksjonen vår. Her kan vinnarane kjøpe tøy med klubblogo eller evt bruke gåvekortet på andre artiklar i sortimentet deira.

Link til klubbshopen vår hjå Macron finn de heilt oppe på nettsida.

Lukke til!

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com