Pin It

Georeg vert nullstilt ved midnatt og vi er klare for ein ny sesong med sommartrim. Som vanleg vel vi å køyre ekstrakonkurransar for både gammal og ung i håp om at det vil trekke fleire ut i den vakre naturen vår.

Her er ei oversikt over krava for å vere med i trekninga av premiar:

 

Klasse 0-6 år: 5 turar på Gulakvila.

 

1.-10. klasse: Minst ein tur til kvar av fylgjande toppar:

Taskebotn, Mikkelfjellet, Stormyra, Torvhyttene, Guløytoppen.

 

Open klasse(0-100 år): 5 turar på Stormyra

 

Eliteklassen: Minst ein tur til kvar av fylgjande toppar:

Sagefjellet, Brosviksåta, Ormekletten, Røyrfjellsnipa, Høgefjellet.

 

Alle som klarar kravet i kvar klasse er med i treknnga av eit gåvekort frå idrettslaget på kr 1000. Om born eller unge klarar kravet i eldre klassar vil dei og vere med i trekninga av desse konkurransane.

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com