Pin It

Trimgruppa i Eivindvik IL nominerte i år Tove Rutledal til den gjeve Gulatingsprisen for 2024. Ho er opphavskvinne og mangeårig ansvarleg for fjelltrimmen i krinsen vår samt opparbeiding og vedlikehald av eit fantastisk løypenett. Ei høgst fortent utmerking, og stor stas for alle oss i Eivindvik IL! Under kan de lese nominasjonsbrevet Trimgruppa sendte inn til kommunen:

 

NOMINASJON TIL GULATINGSPRISEN 2024- TOVE RUTLEDAL

Med denne nominasjonen ynskjer vi å heidre Tove Rutledal for hennar eineståande innsats for folkehelse og lokalmiljøet i Eivindvik. Tove var initiativtakar til etableringa av turløyper og fjelltrimmen i Eivindvik skulekrins, og har vore i styret i Eivindvik idrettslag og leiar i trimgruppa i godt over fire tiår. I 2023 ga ho stafettpinnen som leiar vidare, medan ho fortsette som ein del av styret i trimgruppa. I ein alder av 80 år, er Tove framleis aktiv på turstiane og har stor glede av å sjå at andre og nyttar dei merka løypene.

På starten av 80- talet var det ikkje vanleg å trimme i fjellet. Det var heller ingen stiar i Eivindvik til føremålet, berre dyretrakk. Tove meinte etablering av merka turstiar ville gjere det fantastiske landskapet vårt meir tilgjengeleg og føre til at fleire vart aktive. I 1981 etablerte ho trimgruppa som ei undergruppe til Eivindvik idrettslag. Ved hjelp av Magnor Midtun vart dei første stiane rydda og merka i 1981 og 1982. Den første fjelltrimmen vart gjennomført i 1983 med 249 forskjellige namn i bøkene. Tiltaket var ein suksess! I åra som fylgde auka talet på løyper og deltakarar. I 2016 var det 1216 personar i bøkene. Dei siste åra har Tove, i lag med yngre krefter, vore med på å gjere fjelltrimmen digital og no registrerast fjellpostbesøk i Georeg.

Tove har, med stor dedikasjon og lidenskap, opparbeidd og vedlikehalde eit omfattande nettverk av turstiar i Eivindvik skulekrins i lag med mange gode hjelparar og frivillige knytt til trimgruppa. Stiane har blitt ein viktig ressurs for både innbyggjarar og besøkande. Fem av stiane held internasjonal standard og vart utarbeidd som ein del av samarbeidsprosjektet Kystarven. Desse stiane gjev alle, uansett alder eller fysisk form, mogelegheit til å nyte naturen og delta i helsefremjande lågterskelaktivitet. 

Tove har i 43 år arbeidd utretteleg i bygda for turaktivitet, og trimgruppa sin innsats har bidratt til å styrke Eivindvik sin identitet som ein stad der natur og friluftsliv står i sentrum. Stiane som er utvikla er godt merka og tilrettelagt, noko som gjer dei trygge og tilgjengelege, anten det er lokale som går daglege turar eller turistar som utforskar området. På denne måten har trimgruppa ikkje berre styrka folk si fysiske og mentale helse, men og bidratt til å fremje turisme og lokal stoltheit.

 

Tove er framleis aktiv i turstiane i lag med Marit Sandal, som har vore ein trufast fylgjesvenn i fjellet og med på organiseringa av fjelltrimmen sidan 2006. Dei er begge eit førebilete for mange og eit bevis på at ei urokkeleg innsatsvilje kan skape varige verdiar for eit lokalsamfunn. Trimgruppa sitt arbeid og frivilligheit har hatt positiv, og varig, innverknad på Eivindvik, skulekrinsen forøvrig og Gulen kommune. Det er ingen tvil om at innsatsen fortener å bli anerkjent med Gulatingsprisen.

Tove Rutledal har med trimgruppa i alle desse åra vore ei stille drivkraft som har berika livet til mange og skapt noko sambygdingar viser fram med stoltheit. Bidrag til både folkehelse, friluftslivet og fellesskapet gjer Tove til ein verdig kandidat for Gulatingsprisen 2024. Vi kan ikkje tenke oss nokon som betre fortener denne heidringa.

 

Helsing 

Trimgruppa til Eivindvik idrettslag

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com