Pin It

    I ei årrekke har bygdefolk med trenarverv i idrettslaget reist rundt i bygda for å finne nøklar til gymsalen når ein skulle ha trening.

Dette har vore ei dårleg løysing for både trenarar og dei som har hatt ansvar for nøklane.

Idrettslaget har av den grunn fått grønt lys av skulen til å sette opp ein nøkkelboks med kodelås på veggen ved inngangsdøra til gymsalen. Der vil trenarane kunne låse ut nøkkelen før trening, og dei må og låse den inn att når treninga er over.

Det vil verte stilt krav til trenarane om å halde koden for seg sjølv, og koden vil verte endra med jamne mellomrom. Dette for å unngå at gymsalen blir brukt utanom avtalte treningstider, samt at salen/skulen vert ståande open når ingen er tilstades.

Frode Håvåg vil fortsatt disponere ein nøkkel, og kan kontaktast om ein har behov for å låne denne.

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com