Pin It

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                    No har ein kome godt i gang med andre del av turstien. Arbeidet starta opp 12. november ved entreprenør og frivillige.

Trefelling har vorte gjort på dugnadsbasis,Terje Svidal opererer gravemaskina, medan Steffen Svidal og eit dugnadslag som blant anna inkluderar Rune Håvåg, Peter Skutvik og Hans Jørgen Vilsvik hentar og leverer pukk og steinmassar til veg/stibygging

Ein starta bygginga på Haugane, og har no passert den gamle naturleikeplassen til barnehagen like ovanfor Krossteigen.  Når ein så kjem til steinbrua nordvest for Krossteigen, stansar ein arbeidet og byrjar frå andre enden ved sjukeheimen.

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com