Pin It


Det har verkeleg gått fort i svingane med oppsett av ballbinge. Fredag 23. august vart ringmuren støypt som planlagd. Over helga

fylte ein opp arealet med singel og grus, og klargjorde til montering.  Monteringa av ballbingen som var planlagd gjort 30. august, vart framskunda til 28.august grunna veret. 

Søndag 1.september fekk ein retta opp i ein del småting som gjenstod, mellom anna opphenging av nett bak mål, tillaging av skikkelege sluser samt utkøyring og utraking av gummikulene som skal ligge og mjukgjere grasteppet. Same dag tillot ein barn og vaksne å komme inn i ballbingen.

Det pågår no ein namnekonkurranse på ballbingen. I løpet av kort tid vil ein vinnar kårast, og idrettslaget vil gjennomføre ei offisiell opning av anlegget ikkje lenge etter.

Galleri 1 

Galleri 2

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com