Pin It

Prestegardsstien del 2.

Prosjektet vi skal gjennomføre er å gjere Prestegardsstien del 2 tilgjengeleg for alle, uansett funksjonsnivå. Prosjektet er tatt inn i Gulen kommune sin kommunale plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Den vil få ei bruksbredde på 1,5 til 2 meter med godt grusdekke. Langs turvegen vil det bli utarbeida rasteplasser med benker og fine møteplasser. Den vil gå frå Gulen sjukeheim til Haugane.

Dette arbeidet er sluttføringa av prosjekt Tursti. Vil ein vite litt meir om prosjektering for begge turstiane, mellom anna kartteikningar, klikkar ein HER.

Fredag 18. oktober starta endeleg arbeidet med å lage del 2 av Prestegardsstien. Det er Entreprenør Nerdal AS som skal utføre arbeidet. Tilstades var det med ein arkeolog, som undersøkte jorda nær muren ved Haugane. Det blei ikkje gjort noko funn, slik at arbeidet no kan fortsette.

Turstien skal gå frå Haugane gjennom skogen, ved naturleikeplassen, deretter opp mot det høgste punktet bak Krossteigen. Deretter vil den gå meir eller mindre langs muren til bak Gulen sjukeheim.

Dersom du ynskjer å bidra med midlar til prosjektet, kr. 500,- per meter veg, kan du betale inn på kontonummer: 37053170812.

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com