Pin It

Her kjem ei ny oppdatering på arbeidet med turstien del 2:

Måndag 13. januar kunne ein endeleg juble for at Hauganesida og sjukeheimssida av turstien møttest. Det skjedde ved steinbrua rett ovanfor Krossteigen.

Vegen har vorte justert litt undervegs, og ein har lagt finare masse på der det var for grov stein.

Arbeidet framover vil bestå i å pynte til, legge mold i skråningane, legge ned dreneringsrør der det trengs samt legge ned trekkerør til eit framtidig lysanlegg. 

Om alt klaffar og ein ikkje møter på uventa problem, vonar idrettslaget at turstien skal stå ferdig om 2 - 3 vekers tid. 

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com