Etter at regjeringa denne veka la fram nye innskjerpingar og restriksjonar for å hindre fortsatt aukande smitte i samfunnet, må idrettslaget diverre meddele at samtlege treningsaktivitetar i vår regi no vert sett på pause nok ein gang.
Rundt 50 små og store samla seg i dag til julegrantenning på Prestekaia. Arrangementet går på omgang, i år var idrettslaget arrangør. Sjå flotte bilete i artikkelen!
Det vert no jobba iherdig for å klargjere webshopen vår til bruk for alle medlemmar. Nokre få detaljar gjenstår, mellom anna plassering av logoar og evt initialar på kleda. Under finn de info om prosessen vidare:
Det er ei glede for idrettslaget å kunne invitere interesserte medlemer til klesprøving i gymsalen på Eivindvik skule sundag 21/11 mellom klokka 14 og 16. Les artikkel for meir informasjon og fleire bilete av kolleksjonen!
Årets sommartrimsesong vart avslutta 31.oktober. Frå og med 1.november har alle poeng de har oppnådd vorte registrert i vintertrimmen, der og Georeg vart nullstilt same dag. Vintertrimmen sine ekstrakonkurransar er i år:
Idrettslaget har gleda av å anonnsere at vi frå og med i dag startar opp med to nye treningstilbod til våre medlemer. Kvar torsdag kl 18.30-20.00 vert det innebandy-trening for herrar, kl 20.00-21.30 vert det fotballtrening for damer. Gå inn på fana "Idrettar" oppe på sida og klikk på "Treningstider" for å sjå kven som er ansvarlege kontaktpersonar for kvar trening.
Totalt 11 ungdommar og vaksne trossa fandenivoldske værmeldingar og stilte til start på årets utgåve av Rosa sløyfe-løpet på Flolid. Biletserie i artikkelen!
Det har i løpet av helga vore uvedkomande inne på skulen og gjort hærverk, hovudsakleg i form av tagging, i bomberommet og gamle bassenget. Det er ingen teikn til innbrot, så mest truleg har gjerningspersonane nytta nøkkel.
All organisert trening er no tillete igjen, og Eivindvik IL startar opp att samtlege treningstilbod veka etter haustferien. Alle treningstilbod, treningstider og kontaktinformasjon finn de under fana "Idrettar" øverst på nettsida. Bli med då vel!