Det er ei glede å kunne meddele at Eivindvik IL har inngått ein treningstøy-avtale med utstyrsleverandøren Macron.
I går starta Eivindvik idrettslag opp att med volleyballtrening for ungdom(f.o.m 8.klasse) og vaksne. Treninga vert i første omgang lagt til søndagar kl 20-22 i gymsalen på Eivindvik skule. Vel møtt!
Vi har no fått redigert ferdig bileta frå sjølve konkurransedelen av Eivindvik Challenge samt premieutdelinga. Idrettslaget sender ei stor takk til fotografane Ivar Rutledal og Rune Fjæreide for alle blinkskota!
Då har endeleg brua på turstien mellom sjukeheimen og Haugane fått ferdigstilt rekkverk. Idrettslaget rettar ei stor takk til Gaute Haveland som med assistanse av far Geir har gjort denne jobben på dugnad!
22 lag sleit seg gjennom konkurransen, her finn du bileta og videoane dei leverte til oss.
Laurdag 14.august var 22 lag samla til venskapeleg dyst i Eivindvik. I løpet av tre timar skulle laga gjennomføre så mange som mogeleg av 29 postar utplasserte i området mellom Mjåneset og Svaberget.
Det er gledeleg å kunne meddele at totalt 23 lag er påmeldte til konkurransen lørdag 14.august kl 11-14.
I dag er siste frist for påmelding til Eivindvik Challenge. Konkurransen går av stabelen komande laurdag, og vi har fortsatt plass til fleire lag. Spesielt gute- og jenteklassen treng fleire deltakarar!
Så langt er 17 lag påmeldt, aldersspennet går frå ungdomsskuleelevar til deltakarar i 60-åra!
Det er fortsatt god plass til fleire!