Fotball

Frå og med mandag neste veke set idrettslaget i gang att med fotballtrening for dei minste skuleklassane, dvs 1. til og med 4. klasse.

Dette kunne lesast på Sparebanken Sogn og fjordane sin blog forrige veke;

Desse miniputtane får drakter!

Vi har delt ut drakter til minifotballen i fylket sidan 2007, og i februar sette vi i gong ein ny runde der små og store lag kunne sende inn søknader.

Då søknadsfristen var ute 8.mars hadde kretsen fått inn 72 søknader og det var overvekt av søknader frå Sunnfjord. No er vinnarane klare og i år deler vi ut 28 sett med Nike-drakter til ein verdi av 125 000 kroner. Sjå i tabellen nedanfor om laget ditt er ein av vinnarane! 

Årets utgåve av fotballturneringa vert avlyst grunna for få påmeldte lag. Det har vore ein trend med færre og færre lag dei siste åra, og i år meldte berre fire herrelag og eitt damelag seg på.

 - Eivindvik Idrettslag ynskjer å tilby medlemar å kjøpe nye treningsdressar med klubbnamn og klubblogo! Logoen vil plasserast på brystet, på ryggen vil det stå «Eivindvik IL».
Det vil og bli sponsorlogoar på dressane, men det er fortsatt uvisst kven dette blir.

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com