Trimgruppa

Det er flott å kome seg til fjells. Det kan mange stadfeste. Og når du av ulike grunnar må vere borte frå turane ei tid, vert opplevinga endå meir verdifull.

Den tradisjonelle fellesturen 1.mai går i år opp på Sagefjellet frå Dingjevegen.

Vi møtast ved kommunehuset i Eivindvik 1.mai kl.12. Der fyller vi opp bilane og køyrer til skiltet på flata før vi køyrer ned til Dingja.

Turen er ikkje så lang og passar for både små og store. Vi brukar 1 - 2 timar på turen med matpause undervegs. På toppen kan det vere noko kjøleg å sitje for lenge i ro.

Kle dykk høveleg. Vindtett og/eller vasstett er bra. Det kan bli vindfullt.

Utsikta er upåklageleg.

1.mai til Sagefjellet

Fellesturen 1.mai vart ein skikkeleg familietur.  Vi valde ein kortare tur i år,  noko som gjorde at vi fekk betre tid, og fleire alderstrinn stilte opp. Nokre barnefamiliar kom til startpunktet på Dingjevegen med full bil. Vi andre fylte opp bilane ved kommunehuset. Parkeringa gjekk greitt attmed vegen.

 - Etter lang tids venting, er det no endeleg klart:

Den nye nettsida til idrettslaget er no oppe og går!!

 

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com