Trimgruppa

Fortvil ikkje, Georeg-brukarar!

Me er klare over problema med resultatlistene på Georeg.no. Både det at sidene tek lang tid å laste, og at resultatlistene viser totalpoeng - i staden for å vise poeng for berre vintertrimmen. Me er i kontakt med Georeg for å få ordna problema. Dei forsikrar oss

 Fjelltrimmen i Eivindvik skulekrins

 

Poengkrav sommar:

0 år t.o.m. 4.klasse           : 25 poeng

5.klasse t.o.m. 10.klasse : 50 poeng

17 år t.o.m. 59 år             : 100 poeng

60 år t.o.m. 69 år             : 50 poeng

Over 70 år                         : 25 poeng

Vi har medaljepremie kvart år unntatt kvart 5. år med ulike premiar:

5. året     : Sitjeunderlag

10.året    : Turkopp

15.året    : Innramma diplom

20.året    : Ulvangsokkar i ull

25.året    : Grillspyd

30.året    : Turtermos

35.året    : Tursekk

40.året    : Turkart

Frå 1.april 2022 blir det premiering(medalje) til alle i alderen 0-16 år. Er du eldre, har greidd poengkrav og ynskjer premiering, må du ta kontakt med Tove Rutledal på tlf 95236015

 

Poengkrav vinter:

I vintertrimmen halverar vi poengkrava i kvar klasse. Alle som greier kravet, får ein "heimelaga" diplom.

 

Du må betale medlemskontingent for å  få premiering, men vi håpar jo at du vil melde deg inn uavhengig av om du greier kravet eller ikkje. Idrettslaget har sytt for eit fantastisk løypenett i nærområdet, både for medlemmar og andre Hugs at medlemskontingenten er vår klart viktegaste inntektskjelde, desse pengane går i all hovudsak til å drifte laget frå år til år.

Gå inn på https://medlemskap.nif.no/ og registrer deg som medlem i Eivindvik IL. Kontingenten vil verte sendt ut som faktura på e-post ein gong i året.

Sommartrimmen varer kvart år frå 1.april til 31.oktober

Vintertrimmen varer kvart år frå 1.november til 31.mars.

Kvar sesong vil det i tillegg verte anonnsert ekstrakonkurransar med premiar(gåvekort XXL) i ulike klassar og kategoriar.

 

Oversikt over poenggjevande postar

10 poeng: Kvitebergnova, Røyrfjellsnipa, Skåldalsnova, Brosviksåta, Vatnestølen

8 poeng : Havelandsstølen, Tveiteskaret

6 poeng : Ormekletten

5 poeng : Kjerringnova, Sagefjellet, Svabergfjellet, Stevnebøfjellet(Veten)

4 poeng : Flolidfjellet, Hantveitstølen, Svabergveten, Litlebotn, Tungebotn

3 poeng : Holtane, Høgefjellet, Kattekletten, Svartevatnet, Gravdalstjønna, Hjartåshøgda, Kistefjellet,                         Ramnefjellet 

2 poeng : Dingeneset, Enivest, Guløytoppen, Midtundalen, Mikkelfjellet, Mjåfjellet, Rimmane, Rothågen,                     Stormyra, Taskebotn, Torvhyttene, Verpetuppen, Florrinden, Kamben, Nordgulkletten,                                   Skåldalsvatnet, Stemma, Sætredalen, Tveitekletten, Eikedalselva, Kommandotårnet, Steinen,                       Nyhamarfjellet, Straumefjellet

1 poeng : Grønevikbekken, Gulakvila, Langemyrane, Vassverket, Åsen, Hestlibråtet, Råstien, Skoreleitet,                     Sætredalslia, Øykjegardsfossen

 

POSTANSVARLEGE

Brosvika:                               Hege-Beth Brosvik                          Tlf 95256951

Rutledal:                               Aashild Rutledal                              Tlf 90538956

Nordgulen/Haveland:         Bente Iren Høydal                           Tlf 99370069

Hantveit:                              Margrethe Thune Trædal                Tlf 90872995

Midtun:                                 Una Prestegaard                              Tlf 91741914

Undertun:                            Anne Karin Derås Haveland            Tlf 95069433

Eivindvik:                             Gunn Birknes                                    Tlf 48219020

Vatne/Dingja                       Anita Vatne                                      Tlf 90134069

Hisarøy:                                Mariann Nyhammer                        Tlf 41607334

 

Alle postansvarlege skal ha nokre kopiar av registreringsskjemaet til fjelltrimmen liggjande. Om ein ikkje får tak i skjemaet på kontorbygget, hjå Spar Eivindvik eller ikkje klarar å printe det ut frå nettsida vår, kan ein kontakte dei for å få tak i det.

 

 

Kvart år kjem det spørsmål frå medlemmane våre om kva slags toppar ein får poeng på, kor mange poeng det er på den enkelte toppen og kven ein skal kontakte om det t.d. manglar bøker.

HEI ALLE FJELLTRIMMARAR!

Vi nærmar oss 1.november, datoen for byte frå sommartrim til vintertrim.

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com