Trimgruppa

Torsdag skjedde det store ting på terrassen utanfor Dagsturhytta. Eit splitter nytt bord med tilhøyrande benkar vart montert ferdig i løpet av nokre timar. 

42 born, ungdommar og vaksne stilte opp for å gå idrettslaget sin tradisjonelle 1.mai-tur måndag denne veka. Sjå biletserie i artikkelen!

Ingen klarte kravet i klassen 0-6 år. I klassen 1.-10.klasse var det Hedda Marie Palmer Håvåg som vann, i open klasse gjekk sigeren til Anne Karin Derås Haveland. Premiane er digitale gåvekort på kr 1000 hjå Macron, utstyrsleverandøren vi har avtale med. Link til klubbshopen deira ligg heilt øverst på nettsida. Gåvekorta vert sendt innan kort tid. Gratulerer!

Årets felles 1.mai-tur startar frå Krossteigen kl12. Hovedruta går via Vassverket, Stormyra, Rimmane til "Karibenken" og avsluttast i byggefeltet. Det er fullt mogeleg å "hoppe av" eller velge andre stiar undervegs. Turen passar alle årsklassar, hugs niste og godt med drikke!

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com