Trimgruppa

VASSVERKET-STOREMYRA-RIMMANE

Oppmøte på toppen av Krossteigen kl 12. Hovudruta går via Vassverket, Storemyra og Rimmane til "Karibenken" og avsluttast i byggefeltet. Det er fullt mogeleg å "hoppe av" eller velje andre stiar undervegs, til dømes Dagsturhytta, Mikkelfjellet, Enivest og/eller Høgefjellet. Turen passar alle årsklassar, hugs niste og godt med drikke! 

Vel møtt!

Trimgruppa

Vi minner om at sommartrimmen startar opp 1.april. No har de ein siste sjanse til å sikre dykk nødvendige poeng i årets vintertrimkonkurranse(Viser til konkurransen som vart publisert i haust.). Ekstrakonkurransar i sommartrimmen vert annonsert etter årsmøtet 30.april.

I dag startar idrettslaget opp att med sommartrimmen. Georeg vert nullstilt og alle startar med blanke ark. Som tidlegare legg vi opp til ekstrakonkurransar med vinnarsjansar for å motivere litt ekstra, sjå krava nedanfor:

Trimgruppa i Eivindvik IL nominerte i år Tove Rutledal til den gjeve Gulatingsprisen for 2024. Ho er opphavskvinne og mangeårig ansvarleg for fjelltrimmen i krinsen vår samt opparbeiding og vedlikehald av eit fantastisk løypenett. Ei høgst fortent utmerking, og stor stas for alle oss i Eivindvik IL! Under kan de lese nominasjonsbrevet Trimgruppa sendte inn til kommunen:

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com