Vinteren står for døra, og idrettslaget avsluttar difor sommartrimsesongen 31.oktober kl 23.59.59. Dei som kjempar iherdig for å klare kravet i sine klassar har dermed no berre 18 dagar igjen på å nå målet. Aktuelle klassar og krav finn de under i artikkelen.
Ole Indrebø og Gunn Birknes har i juni erstatta den gamle "Bukkene Bruse"- brua mellom Vassverket og Rimmane med ei splitter ny bru! Idrettslaget takkar så mykje for dugnadsarbeidet! Takk og til dei som var med og bar materialen på plass!
EIL mottok i år kr 5 000 frå Gulen kommune til innkjøp av ryddeutstyr. Om nokre av dykk vil hjelpe oss med rydding av stiar i området, kan maskina på biletet lånast ut. Den står hos Gunn Birknes, kontakt ho på tlf 48 21 90 20 om de vil hjelpe til!
Ole Indrebø har teke på seg å renovere Bukkene Bruse- brua mellom Vassverket og Rimmane. I den samanheng treng han hjelp til å få materialen opp. Han og Gunn har bore alt til krysset Dagsturhytta/Rimmane. Kan nokon bære det vidare bort/opp til brua snarast? Oppboren material kan leggast fint attmed materialen som allereie ligg der.