
Vintertrimmen vart avslutta 31.mars, trimgruppa har tald opp resultata frå Georeg og vi publiserer under namna på dei som klarte kravet:
Les meir: Vintertrimmen ferdig opptald- 66 personar klarte kravet!
VASSVERKET-STOREMYRA-RIMMANE

Oppmøte på toppen av Krossteigen kl 12. Hovudruta går via Vassverket, Storemyra og Rimmane til "Karibenken" og avsluttast i byggefeltet. Det er fullt mogeleg å "hoppe av" eller velje andre stiar undervegs, til dømes Dagsturhytta, Mikkelfjellet, Enivest og/eller Høgefjellet. Turen passar alle årsklassar, hugs niste og godt med drikke!
Vel møtt!
Trimgruppa

21 vaksne og 13 born møttest ved Krossteigen kl 12 i lettskya opphaldsvær og fin temperatur. Når vi nådde Vassverket starta det å regne. Rundt halvparten fortsette til Storemyra, nokre få gjekk mot Høgefjellet medan resten gjekk til Dagsturhytta. Sjå bilete inni artikkelen!
Les meir: 34 deltakarar vart med på trimgruppa sin årvisse 1.mai-tur!

I dag startar idrettslaget opp att med sommartrimmen. Georeg vert nullstilt og alle startar med blanke ark. Som tidlegare legg vi opp til ekstrakonkurransar med vinnarsjansar for å motivere litt ekstra, sjå krava nedanfor:
Les meir: Årets sommartrimsesong er i gang, her er ekstrakonkurransane!