Vi held fram med å bruke fjellet heile året, og det set vi som styrer med vintertrimmen stor pris på. Korona-pandemien har nok gjort sitt til at enno fleire no har oppdaga at tur er topp.
På oppdrag frå saniteten og idrettslaget har Sindre Indrebø, med litt hjelp(kanskje av nær familie?), bygd og beisa ferdig to benkesett med bord som skal stå ved Stølsløkka ballbinge. Idrettslaget takkar Eivindvik Gulen Sanitetslag for den flotte gåva, og vi vonar benkane fell i smak blant alle føresette som no kan få kvilt beina litt medan avkommet spinn rundt på kunstgraset.
Det har gått ei stund sidan taket på gapahuken vart sådd, og som de kan sjå frå dagens blinkskot har graset no kome fint opp. Legg og merke til den flotte benken som er plassert på nedsida.
Idrettslaget har tidlegare gått ut med informasjon om at ein ville få sett opp rekkverk over brua ovanfor sjukeheimen. Takka vere ei uvanleg stor dugnadsglede har Gaute Haveland no på eigahand påteke seg ansvaret med å få rekkverket opp. Han har kome godt i gang, og rekkverket vert ferdigstilt i løpet av nokre veker.
Totalt 48 personar tok i dag oppfordringa og gjennomførte årets utgåve av Vassverket Opp. Av desse deltok 21 born, ungdom og vaksne i konkurransedelen på tid.
Det er meldt finver til morgondagens utgåve av Vassverket opp, og vi reknar med godt oppmøte.
Idrettslaget ynskjer å gje deltakarane i konkurranseklassane mest mogeleg like forhold, og ber av den grunn alle som ikkje spring på tid om å syte for at dei er komne opp til toppen FØR konkurransestart kl 13!
Ein av toppane i årets ekstrakonkurranse for vaksne i sommartrimmen har her på nettsida gått under namnet Nordgulstølen. På Georeg ligg denne posten inne med namnet Tungebotn.
Tysdag 4.mai kom byggesettet til gapahuken frå leverandør Sønnesyn Sag i Hafslo. Tre dagars intensiv dugnadsinnsats seinare var størsteparten montert og ferdigbeisa utvendig. Hjørneborda vart ettermontert 8.mai.
22.mai går endeleg idrettslaget si årvisse tevling "Vassverket Opp" av stabelen. For dei som vil springe på tid startar konkurransen kl 13, dei som berre ynskjer å "rusle" opp kan stille seinast kl 12.30.