I starten av juli vart frisbeegolf-bana langs Prestegardsstien gjort klar til bruk. Starten, og postkassen med frisbeear og lister for teljing av poeng, er plassert oppi første bakken når ein kjem gåande frå byggefeltet i Øvre Stølen.
Månadens quiz vart vunnen i utklassingsstil av Inger Sognefest. Ho prikka inn 15 av 15 rette svar, og stikk dermed av med tursekk med EIL-logo.
Etter litt om og men legg vi no ut ein biletserie frå årets løp. Alle deltakarar som sprang på tid vart fotograferte, i tillegg har vi med nokre stemningsbilete frå toppen.
Frå og med i dag vil ein lettare kunne finne fram eldre artiklar på nettsida. I staden for å bla seg gjennom side etter side til ein finn det ein leitar etter, kan ein no berre legge inn eit søkeord og alle artiklar som inneheld dette ordet vert lista opp. På smarttelefon ligg søkefeltet UNDER artiklane på framsida, på pc finn ein søkefeltet oppe til høgre for artiklane på framsida.
Så er vintertrimmen endeleg klar. Det er mange som er veldig aktive i løypene, i år har 110 greidd kravet til diplom. Nedanfor fygjer ei alfabetisk liste over alle som har greidd kravet.
Årets utgåve av Vassverket Opp samla totalt 34 deltakarar i strålende turvær, 17 av desse sprang på tid. Under fylgjer resultatlista;
I år som i fjor har vi værgudane med oss, og det ligg an til fantastiske forhold under arrangementet. Under finn de utfyllande informasjon om konkurransen;
Månadens quiz for juni vert tilgjengeleg på nettsida natt til mandag. Som i forrige quiz er det 15 spørsmål som skal besvarast, alle