Totalt 292 personar registrerte seg i Fjelltrimmen 2022 ved hjelp av Georeg-appen. Eit fåtal har i tillegg levert inn eigeutfylt skjema. Lista over alle dei 89 som klarte premieringskaravet finn de i artikkelen under:
Les meir: Sommartrimmen ferdig oppteld, 89 medlemmar klarte kravet!
Årets vintertrim er godt i gang, og som tidlegare vil idrettslaget ha nokre ekstrakonkurransar gåande gjennom sesongen.
Som kvar einaste romjul dei seinaste åra, inviterar vi til Nissemarsj i år og. 3.juledag kl 18 startar toget frå buss-stoppet nedanfor Bjelde-huset. Turen går via Øvre Stølen og Prestesundet før ein returnerar til startområdet. Faklar vert utdelte, kaffi,saft og pepperkaker kan nytast etter målgang. Vel møtt!
EIL vart no i haust kontakta av Odd Lennart Vikene ved Institutt for Idrett, Kosthald og Naturfag ved Høgskulen på Vestlandet avd Sogndal. Årsaka var at han hadde høyrd rykter om aktive fjellgåarar hjå oss.
Les meir: Høgskulen på Vestlandet i gang med forskningsprosjekt - seks av våre medlemmer tek del!