Laurdag skipar vi til vårt tradisjonsrike motbakkeløp mellom Prestekaia og Vassverket nok ein gong. Oppmøte i vegen ovanfor kaia for påmelding og utdeling av startnummer seinast 11.40!
Byrjinga på dagen var regntung, men heldigvis letta det fint opp til turstart kl 12.00. Totalt 36 personar deltok, av desse var heile 14 born.
Vi startar i dag med elektronisk utsending av årets medlemskontingent. Sjekk at opplysningar stemmer, om det oppstår tekniske problem med å gjennomføre betaling må ein kontakte kasserar Maike Norman Bøe.
Banenemda ved Frode, Odd, Dagfinn og Håkon har sett opp ei splitter ny trapp til garderobeanlegg/kiosk på idrettsbana. På høg tid, og vi er då klare til fotballturneringa i august og seriespel for Gulen FK sitt G10-lag!
3 måndagar på rad har idrettslaget invitert til turn-trening for born i aldersspennet (snart)4 år til og med 3.klasse. Una Prestegaard har hatt trenar/vaksenansvaret med uvurderleg hjelp frå dyktige assistentar!
Det går mot lysare tider og voneleg mange flotte solskinnsdagar. Idrettslaget avsluttar vintertrim-konkurransen ved midnatt natt til 1.april og startar samstundes opp årets sommartrimsesong.
Det var overraskande god deltaking på årsmøtet til Eivindvik IL søndag. Kring 30 personar var innom i løpet av møtet og den påfylgjande bingoen, av desse var heile 10 born i alderen 0 til 10 år!
Treskiltet til Flolidfjellet, som står i krysset mot Torvhyttene, treng hjelp til å komme seg "på beina" att. Trimgruppa har for tida utruleg mange småoppdrag med vedlikehald langs stiane, og når ikkje over alt. Kan nokon ta seg tida og hjelpe oss med dette?