
Ein meget positiv gjeng avbilda før start. Under finn de oppstilte bilete av samtlege lag i årets konkurranse. Samtlege bilete er knipsa av vår eminente arrangementsfotograf Rune Fjæreide

16 lag stilte til start i årets Eivindvik Challenge. Etter tre innhaldsrike timar kunne vi kåre vinnarar i dei tre klassane, i tillegg til premiering for beste kostyme. Komplette resultatlister, bilete og rapport finn de i artikkelen:
Her er linkane for å følgje Eivindvik Challenge 2026 live:
Full tabell, pr. post:
Enkel tabell, summert:

Frist for påmelding vert utsett til dagen før konkurransen, altså 21.august. Kun 7 lag er påmelde så langt, hiv dykk rundt folkens!

22.august kl 11 går startskotet for årets Eivindvik Challenge. I denne artikkelen finn du utfyllande informasjon om arrangementet, mellom anna påmeldingsinformasjon, konkurransereglar og krav til innlevert samtykkeskjema for deltakarar under 18 år. NB! Påmeldingsfristen er 15.august!

Årets motbakkeløp vart denne gongen ei våt oppleving. Likevel stilte 15 til start i konkurranseklassen, like mange tok turen opp på Vassverket for å heie deltakarane i mål. Stemninga var som vanleg framifrå!

Laurdag skipar vi til vårt tradisjonsrike motbakkeløp mellom Prestekaia og Vassverket nok ein gong. Oppmøte i vegen ovanfor kaia for påmelding og utdeling av startnummer seinast 11.40!

Det var god respons på namnekonkurransen vår, rundt 25 forslag vart sendt inn. Etter drøfting i styret fall valget til slutt på Margrethe Skåden sitt treffande forslag "Småkvila". Namneskilt skal komme opp med tid og stunder, takk til alle som deltok!